Den halte snekkaren


StS EDA, Etiopia30. September 2016

Halt snekkerSakte, men sikkert aukar ordrelista til snekkar Tarekenj Tesfaye. Med støtte frå Kavlifondet og lån i banken har han fått kjøpt inn nye reiskapar, slik at han kan produsere fleire og betre møblar.

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Tarekenj Tesfaye frå Etiopia er omlag 24 år, han veit ikkje heilt sikkert.  Som liten fekk han polio. Likevel har han starta eigen snikkarverkstad.

Han er eldst av ti søsken. Foreldra er bønder, men bur så langt ute i distriktet at han er usikker på om alle søskena går på skule. Det er lenge sidan han har vore heime på besøk. Det er langt å gå. Sjølv har han fullført 10. klasse og gått eitt år på snekkerlinje.

Den nye høvelmaskinen

Han lagar mest møbler. Det gjekk litt tregt i starten, men med støtte frå Kavlifondet gjennom StS EDA fekk han kjøpt seg meir reiskapar. Etter det har bestillingane auka.

Materialene kjøper han direkte frå bøndene. Dei arbeider to saman og deler opp tømmerstokkane med ei stor handsag. Borda vert difor ujamne og må høvlast. Siste tilveksten av verktøy er høvelmaskinen. Den kosta  30 000 birr (12 000 kroner). Lån til å kjøpa maskinen fekk han i banken.

Neste avdrag

Første avdrag er betalt. Neste innbetaling nærmar seg. For å vera sikker på at han greier det, har han sagt opp lærlingen han hadde tilsett. Men så snart lånet er betalt, vil han tilsetja lærlingen igjen.

Den gode kvaliteten på arbeidet aukar ordrelista.  Smila sit laust hjå Tarekenj når vi spør han korleis det går. Han er så takksam for at han fekk hjelp frå Kavlifondet. Med all sin energi skaper Tarekenj seg ei ny framtid.

—————————————————————————————————–

Tok ansvar då søstera døydde frå fem born

 

Bula og barn

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Då mannen stakk frå den døyande kona og fem barn, tok Kula Beyene over ansvaret for søsteras barn. Støtta frå Kavlifondet har gitt den nye familien tru på framtida.

Etiopiske Kula Beyene har ingen barn sjølv. Då ho var lita jente tok mora henne med til klinikken for at dei skulle gi henne ei sprøyte. Sprøyta trefte ei nerve i foten og det meiner ho førde til at foten ikkje utvikla seg normalt. Den eine foten er vissen, ho må bruke krykker.

Kula overtok fem barn

Søster hennar var gift, og dei hadde tre gutar og to jenter. Mannen stakk då han skjønte at det gjekk mot slutten for kona. Kula veit ikkje kvar han er. Ho og mora tok seg av dei fem barna, men for ei tid sidan mista mora forstanden. Då vi var på besøk høyrde vi at ho sat i sideromet og snakka i hytt og vær. “Ho må vera innelåst”, sa Kula, “dersom ho kjem ut, går ho rett på skogen “. Ei tid etter vårt besøk døydde mora.

Motorsykkel og daglegvarer

Den eldste guten er 16 år har lært seg å køyre motorsykkel. Pengane han tener på å ta oppdrag frå ein motorsykkel-eigar, gir han til Kula. Den største jenta på 13 år sel dagligvarer på tre marknader. Overskot frå to av marknadsdagane set dei i banken. Det Simenj tener den tredje dagen brukar dei til mat. Simenj sel også daglegvarer frå ein kiosk dei har bygd på huset.

sønnogsykkelKulas forretningsidé

No håper den nye familien på høgare inntekter. Kula har nemleg gått på symaskinkurs. Ho vil starte syforretning, og treng symaskin, tråd og stoff. Støtta frå Kavlifondet gjennom StS EDA har gitt familien eit håp om at dei vil koma ut av fattigdommen dersom dei arbeider og ikkje gir opp. No går alle borna på skulen og både born og tante ser lysare på livet.

Ønskjer du å støtte organisasjonen Self to Self Ecomic Development Association (StS EDA), ta kontakt med Ketil Fuglestad på:

Tlf Norge: 480 00757

Tlf Etiopia: 00251913203000

E-post: kefuglestad@gmail.com

Eldre:

Nyere: