Fire timar til fots for å selja klede


StS EDA, Etiopia28. September 2016

medeselet

Kleshandlar Ayelech Adane fekk aldri nok overskot til å betale grossisten, og måtte handle på kreditt. Dét blei dyrt. Støtta frå Kavlifondet gjorde ho i stand til betale kontant, og no har ho tidobla fortenesta.

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Grossisten Ayelech Adane frå Etiopia handla av, forlangte 50 prosent av fortenesta. Ho måtte ta reiseutgifter, overnatting og andre kostnader av sin del av overskotet. Det blei ikkje mykje igjen.

Blei utnytta

Komiteen som vel ut nye prosjekt  til organiasjonen Self to Self Economic Development Association (StS EDA) såg at Ayelech gjorde ein god jobb, men at ho blei utnytta. Då ho fekk støtte frå Kavlifondet, endra situasjonen hennar seg dramatisk. Når ho la pengar på disken og kunne betala, var kleda hennar. Det same var fortenesta.

To dagar i veka leiger Ayelech Adane eit mulldyr som ho kløvjar kleda på, før ho legg i veg – to timar kvar veg til marknadene i Sergulle og Dembille. Laurdag er det stor marknadsdag i Geresse der ho bur, då ber ho kleda på ryggen dit.

eseldamenmarkedet
Tidobla forteneste

Ayelech har eit godt smil og eit vinnande vesen. Folk får tiltru til henne. Har ho ikkje det dei ser etter, så skaffar ho det. Ho reiser 17 mil med bussen for å koma til grossisten som ho handlar av. Dagen går med til reise og innkjøp. Før det lysnar neste dag, er ho på veg heim igjen.

Før Ayelech fekk støtte frå Kavlifondet sparde ho 80 kr i månaden. No sparer ho 800 kr i månaden, og ho og ektemannen Abraham planlegg å opne eigen butikk.

—————————————————————————————————

Åleinemora fekk hjelp til å reisa seg igjen

kafé
Meselech Taye stod på bar bakke etter at ektemannen forlot henne og sonen. Med hjelp av eigen innsats og støtte frå Kavlifondet har ho kome seg på beina og driv i dag både kiosk og kafé.

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Meselech Taye driv i dag kiosk og kafé i leigd lokale. I kiosken sel ho daglegvarer som brød, sukker, frukt og trekol. Ho er 24 år og åleinemor til Benjamin på fem. Utan å seia i frå drog far til guten sin veg. Ei tid seinare tok han kontakt og spurde korleis det var med guten. Men han vil ikkje vere med å ta ansvar for sonen.

Fattig, men flink

Komiteen som vel ut kven som skal få prosjektstøtte frå Kavlifondet gjennom Self to Self  Economic Development Association (StS EDA), visste at Meselech var fattig.  Men dei meinte at ho var flink og hadde ein god forretningsidé. Av dagligvarene som ho sel seier ho at det er best forteneste på ambesha-brødet ho bakar kvar dag, ei tjukk potetkake baka av sorghum.

Sparegruppe og bank

Kvar månad sparer Meselech 600 birr (230 kroner) i ei lokal sparegruppe. Då ho fekk første støtta frå StS EDA oppretta ho konto i sparebanken og tok ut etter som ho investerte. Første støttebeløp frå StS EDA etter opplæring var på 2700 kroner. Åtte månader seinare  fekk ho 1300 kroner til. Støtta får ho som kontantstøtte som ikkje skal tilbakebetalast.  Sjølv hadde ho ingen kapital anna enn idé og arbeidskraft.

Og med dét, saman med støtte frå Kavlifondet, har ho kome ut av fattigdom og undertrykking.

————————————————————————————————-

 Uteliggjaren som fekk sitt eige husvære

husløse
Livet har gitt funksjonshemma Dinote Gaso frå Etiopia mange prøvingar. Kavlifondet si støtte har gitt henne ein ny sjanse.  I dag lever ho og dei tre barna eit nytt liv.

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Dinote kjem frå ein fattig familie og bur i Konso i Sør-Etiopia. I dei seinare åra har ho ofte tatt til takke med å få liggja på ein kafé-veranda der ho har fått litt restemat til seg og dei tre barna.

Rådgjevar tok initiativ

Oleta Kussia, som er rådgjevar for Self to Self Economic Development Association (StS EDA) hadde i lang tid sett på det uverdige livet Dinote og barna hennar hadde. Han er tilsett i kommuneadministrasjonen og bestemde seg for å oppsøkja ordføraren for å drøfta saka med han.  Oletas idé var enkel: Dersom kommunen ville gi Dinote tomt ved den store marknadsplassen, bygningsmaterial og bølgjeblikk til tak og vegger, så ville Oleta hjelpa henne med utviklingsprosjekt og fylgja henne opp i tida framover. Ho skulle få begynna å selja salt.

Hus, heim og kiosk

Slik fekk Dinote og barna sin første heim. Oleta kjøpte inn ein stor sekk med salt og så snart Dinote var på plass i huset sitt begynte ho å selja. Klede til barna, kjøkkenutstyr og anna hadde ho heller ikkje, men med hjelp av krykkene kom ho seg rundt i butikkane og fekk tak i alt ho trong.

Ormalla blei skulejente

Størstejenta Ormalla var åtte år, men hadde ikkje begynt på skulen. Ho fekk bu hjå ein lærarfamilie. Med skuleuniform og ryggsekk starta ho på skulen. Broren på sju år startar på skulen denne hausten. Minsteguten Kossia bur hjå mora. Støtta frå Kavlifondet gjennom StS EDA har betydd ei stor forandring for Dinote og barna.

Ønskjer du å støtte organisasjonen Self to Self Ecomic Development Association (StS EDA), ta kontakt med Ketil Fuglestad på:

Tlf Norge: 480 00757

Tlf Etiopia: 0025 1913 203 000

E-post: kefuglestad@gmail.com

Eldre:

Nyere: