Tekst: Teresa Grøtan
Foto: NorSahel og HBB
Det blir kalla det gylne minutt, det første minuttet i eit nytt menneskes liv. Det vesle mennesket bør i løpet av dette minuttet trekke sitt første andedrag, anten ved eigen hjelp eller med hjelp frå andre. På verdsbasis døyr ein million nyfødde årleg på grunn av vanskar med å puste sjølv etter fødsel, i følgje tal frå WHO.
Helping Babies Breathe (HBB) er eit opplæringsprogram spesielt tilpassa fattige land med knappe helseressursar. Lærdal Global Health har vore sentrale i utviklinga av metoden og dei har utvikla utstyr for praktiseringa av HBB. Lærdal Global Health er eit såkalla non-profit selskap, det vil seie at utstyret og opplæringsmateriellet dei har utvikla, blir brukt utan at dei tener pengar på det.
HBB i 60 land
I 2010 blei HBB tatt opp som metode av WHO, og blir no nytta i 60 land i verda. Metoden er enkel: Spedbarn må gnis varme og tørre, og pustar dei ikkje, har fødselshjelparen ein slags blåsebelg utvikla for formålet, samt kunnskap om effektiv gjenoppliving.
Foto frå opplæring i HBB-metode.
Men i Mali har ikkje metoden vore nytta. Mali er eit av dei landa i verda der flest barn døyr etter fødsel. Spedbarnsdødeligheita er på 98,2 per 1000 fødde, og i Kati-regionen, der prosjektet skal gjennomførast, er den på heile 102. Til samanlikning er den 2,5 i Noreg.
Det første av mange
Den norske organisasjonen NorSahel har som mål å betre helse og utdanning i Mali. No har organisasjonen inngått eit samarbeid med Kavlifondet om å innføre HBB-metoden i Mali.
I Noreg har NorSahel professor i nyføddmedisin Ola Didrik Saugstad og pediatrisk institutt ved Universitetet i Oslo med på laget. Saugstad har sjølv vore med på å utvikle HBB-metoden. Saman med norsk og malisk helsepersonell vil Saugstad lære opp maliske fødselshjelparar på sjukehus, helsesentre og fødestuer, elevar ved helsefagskulen i Kati og tradisjonelle fødselshjelparar i landsbyar i Kati-regionen.
All opplæring i Mali skjer i samarbeid med fylkessjukehuset i Kati og det maliske helsedirektoratet. På eit seinare tidspunkt i prosjektet vil det òg bli forska på effekten av innføringa av HBB-metoden i det vestafrikanske landet.
Målet er å gi 550 personar opplæring, og at dette på sikt vil føre til at det endelege målet blir oppfylt: At det ved kvar fødsel i landet finst ein person med kunnskap om HBB og som har det naudsynte utstyret for gjenoppliving. Slik kan det første, gylne minuttet bli til eitt av mange i eit langt, godt liv.
Prosjektleiar Hølje Haugsjå saman med direktør Marguerite Koulibaly i helsedirektorat og stadleg representant for NorSahel i Mali, Etienne Dembele.
Meir info om NorSahel
Meir info om Help Babies Breathe (HBB)
Meir info om Lærdal Global Health