Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA
Grossisten Ayelech Adane frå Etiopia handla av, forlangte 50 prosent av fortenesta. Ho måtte ta reiseutgifter, overnatting og andre kostnader av sin del av overskotet. Det blei ikkje mykje igjen.
Blei utnytta
Komiteen som vel ut nye prosjekt til organiasjonen Self to Self Economic Development Association (StS EDA) såg at Ayelech gjorde ein god jobb, men at ho blei utnytta. Då ho fekk støtte frå Kavlifondet, endra situasjonen hennar seg dramatisk. Når ho la pengar på disken og kunne betala, var kleda hennar. Det same var fortenesta.
To dagar i veka leiger Ayelech Adane eit mulldyr som ho kløvjar kleda på, før ho legg i veg – to timar kvar veg til marknadene i Sergulle og Dembille. Laurdag er det stor marknadsdag i Geresse der ho bur, då ber ho kleda på ryggen dit.
Tidobla forteneste
Ayelech har eit godt smil og eit vinnande vesen. Folk får tiltru til henne. Har ho ikkje det dei ser etter, så skaffar ho det. Ho reiser 17 mil med bussen for å koma til grossisten som ho handlar av. Dagen går med til reise og innkjøp. Før det lysnar neste dag, er ho på veg heim igjen.
Før Ayelech fekk støtte frå Kavlifondet sparde ho 80 kr i månaden. No sparer ho 800 kr i månaden, og ho og ektemannen Abraham planlegg å opne eigen butikk.