Rådgjevar tok initiativ
Oleta Kussia, som er rådgjevar for Self to Self Economic Development Association (StS EDA) hadde i lang tid sett på det uverdige livet Dinote og barna hennar hadde. Han er tilsett i kommuneadministrasjonen og bestemde seg for å oppsøkja ordføraren for å drøfta saka med han. Oletas idé var enkel: Dersom kommunen ville gi Dinote tomt ved den store marknadsplassen, bygningsmaterial og bølgjeblikk til tak og vegger, så ville Oleta hjelpa henne med utviklingsprosjekt og fylgja henne opp i tida framover. Ho skulle få begynna å selja salt.
Hus, heim og kiosk
Slik fekk Dinote og barna sin første heim. Oleta kjøpte inn ein stor sekk med salt og så snart Dinote var på plass i huset sitt begynte ho å selja. Klede til barna, kjøkkenutstyr og anna hadde ho heller ikkje, men med hjelp av krykkene kom ho seg rundt i butikkane og fekk tak i alt ho trong.
Ormalla blei skulejente
Størstejenta Ormalla var åtte år, men hadde ikkje begynt på skulen. Ho fekk bu hjå ein lærarfamilie. Med skuleuniform og ryggsekk starta ho på skulen. Broren på sju år startar på skulen denne hausten. Minsteguten Kossia bur hjå mora. Støtta frå Kavlifondet gjennom StS EDA har betydd ei stor forandring for Dinote og barna.
Ønskjer du å støtte organisasjonen Self to Self Ecomic Development Association (StS EDA), ta kontakt med Ketil Fuglestad på:
Tlf Norge: 480 00757
Tlf Etiopia: 0025 1913 203 000
E-post: kefuglestad@gmail.com