15. mars 2016

Åleinemora fekk hjelp til å reisa seg igjen

Meselech Taye stod på bar bakke etter at ektemannen forlot henne og sonen. Med hjelp av eigen innsats og støtte frå Kavlifondet har ho kome seg på beina og driv i dag både kiosk og kafé.

Meselech Taye driv i dag kiosk og kafé i leigd lokale. I kiosken sel ho daglegvarer som brød, sukker, frukt og trekol. Ho er 24 år og åleinemor til Benjamin på fem. Utan å seia i frå drog far til guten sin veg. Ei tid seinare tok han kontakt og spurde korleis det var med guten. Men han vil ikkje vere med å ta ansvar for sonen.

kafé

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Fattig, men flink

Komiteen som vel ut kven som skal få prosjektstøtte frå Kavlifondet gjennom Self to Self  Economic Development Association (StS EDA), visste at Meselech var fattig.  Men dei meinte at ho var flink og hadde ein god forretningsidé. Av dagligvarene som ho sel seier ho at det er best forteneste på ambesha-brødet ho bakar kvar dag, ei tjukk potetkake baka av sorghum.

Sparegruppe og bank

Kvar månad sparer Meselech 600 birr (230 kroner) i ei lokal sparegruppe. Då ho fekk første støtta frå StS EDA oppretta ho konto i sparebanken og tok ut etter som ho investerte. Første støttebeløp frå StS EDA etter opplæring var på 2700 kroner. Åtte månader seinare  fekk ho 1300 kroner til. Støtta får ho som kontantstøtte som ikkje skal tilbakebetalast.  Sjølv hadde ho ingen kapital anna enn idé og arbeidskraft.

Og med dét, saman med støtte frå Kavlifondet, har ho kome ut av fattigdom og undertrykking.