14. mars 2016

Tok ansvar då søstera døydde frå fem born

Då mannen stakk frå den døyande kona og fem barn, tok Kula Beyene over ansvaret for søsteras barn. Støtta frå Kavlifondet har gitt den nye familien tru på framtida.

Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Bula og barn

Etiopiske Kula Beyene har ingen barn sjølv. Då ho var lita jente tok mora henne med til klinikken for at dei skulle gi henne ei sprøyte. Sprøyta trefte ei nerve i foten og det meiner ho førde til at foten ikkje utvikla seg normalt. Den eine foten er vissen, ho må bruke krykker.

Kula overtok fem barn

Søster hennar var gift, og dei hadde tre gutar og to jenter. Mannen stakk då han skjønte at det gjekk mot slutten for kona. Kula veit ikkje kvar han er. Ho og mora tok seg av dei fem barna, men for ei tid sidan mista mora forstanden. Då vi var på besøk høyrde vi at ho sat i sideromet og snakka i hytt og vær. «Ho må vera innelåst», sa Kula, «dersom ho kjem ut, går ho rett på skogen «. Ei tid etter vårt besøk døydde mora.

Motorsykkel og daglegvarer

Den eldste guten er 16 år har lært seg å køyre motorsykkel. Pengane han tener på å ta oppdrag frå ein motorsykkel-eigar, gir han til Kula. Den største jenta på 13 år sel dagligvarer på tre marknader. Overskot frå to av marknadsdagane set dei i banken. Det Simenj tener den tredje dagen brukar dei til mat. Simenj sel også daglegvarer frå ein kiosk dei har bygd på huset.

sønnogsykkel

Kulas forretningsidé

No håper den nye familien på høgare inntekter. Kula har nemleg gått på symaskinkurs. Ho vil starte syforretning, og treng symaskin, tråd og stoff. Støtta frå Kavlifondet gjennom StS EDA har gitt familien eit håp om at dei vil koma ut av fattigdommen dersom dei arbeider og ikkje gir opp. No går alle borna på skulen og både born og tante ser lysare på livet.

Ønskjer du å støtte organisasjonen Self to Self Ecomic Development Association (StS EDA), ta kontakt med Ketil Fuglestad på:

Tlf Norge: 480 00757

Tlf Etiopia: 00251913203000

E-post: kefuglestad@gmail.com