30. september 2016

Mot snekkarsuksess med kontantstøtte og banklån

Sakte, men sikkert aukar ordrelista til snekkar Tarekenj Tesfaye. Med støtte frå Kavlifondet og lån i banken har han fått kjøpt inn nye reiskapar, slik at han kan produsere fleire og betre møblar.

Tarekenj Tesfaye frå Etiopia er omlag 24 år, han veit ikkje heilt sikkert.  Som liten fekk han polio. Likevel har han starta eigen snikkarverkstad.

Han er eldst av ti søsken. Foreldra er bønder, men bur så langt ute i distriktet at han er usikker på om alle søskena går på skule. Det er lenge sidan han har vore heime på besøk. Det er langt å gå. Sjølv har han fullført 10. klasse og gått eitt år på snekkerlinje.

Halt snekker
Tekst og foto: Ketil Fuglestad/StS EDA

Den nye høvelmaskinen

Han lagar mest møbler. Det gjekk litt tregt i starten, men med støtte frå Kavlifondet gjennom StS EDA fekk han kjøpt seg meir reiskapar. Etter det har bestillingane auka.

Materialene kjøper han direkte frå bøndene. Dei arbeider to saman og deler opp tømmerstokkane med ei stor handsag. Borda vert difor ujamne og må høvlast. Siste tilveksten av verktøy er høvelmaskinen. Den kosta  30 000 birr (12 000 kroner). Lån til å kjøpa maskinen fekk han i banken.

Neste avdrag

Første avdrag er betalt. Neste innbetaling nærmar seg. For å vera sikker på at han greier det, har han sagt opp lærlingen han hadde tilsett. Men så snart lånet er betalt, vil han tilsetja lærlingen igjen.

Den gode kvaliteten på arbeidet aukar ordrelista.  Smila sit laust hjå Tarekenj når vi spør han korleis det går. Han er så takksam for at han fekk hjelp frå Kavlifondet. Med all sin energi skaper Tarekenj seg ei ny framtid.