22. desember 2021

Gratis billettar frå Kavli billettfond til Det Norske Teatret

Det Norske Teatret og Kavlifondet har fleire billettar å dele ut til ideelle, frivillige og humanitære lag og organisasjonar.

Toppfoto: Erik Berg/Jon Bleiklie Devik i Slåttekar i himmelen

«Tusen takk for billetter til Are Kalvø og «Toppar VGlista». Vi hadde en flott kveld sammen, masse latter og gode minner!» Hilsen brukere og ansatte i Stiftelsen Retretten

– Helsinga kom til Det Norske Teatret etter at Stiftelsen Retretten fekk tildelt billetter frå Kavli billettfond tidlegare i år, fortel ansvarleg for billettfondsamarbeidet ved Det Norske Teatret, Kirsti Ervik.

Kavli billettfond er eit samarbeid mellom Kavlifondet og Det Norske Teatret. Her kan organisasjonar, lag og foreiningar søke om gratisbilletter for å gå i teater.

– Jobbar du i denne type organisasjon kan du søke om billettar til alle framsyningane på Det Norske Teatret. Eller tips nokon du meiner bør søke, oppfordrar Ervik.

Les meir og søk om billettar: Kavli billettfond

Det Norske Teatret spelar framsyningar i heile romjula. Ein kan til dømes sjå Gudspartikkelen med Svein Tindberg, Slåttekar i himmelen av Edvard Hoem eller Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk.

DYLAN PÅ NYNORSK: Til denne teaterkonserten har Det Norske Teatrets nye husregissør, Eirik Stubø, med seg jazzbandet til broren, Håvard Stubø, for å finne nye sider ved ein av vår tids største poetar. Foto: Erik Berg
SONGSTERKT: I Vikla inn i blått – Dylan på nynorsk står eit songsterkt skodespelarlag klar til å levere sine tolkingar av songane til ein av musikkens og litteraturens meir mangesidige kunstnarar. Her Mimmi Tamba. Foto: Erik Berg

– Alle framsyningane blir gjennomført etter gjeldande lokale og nasjonale smitteverntiltak, understrekar Ervik. Akkurat no betyr det 50 publikummarar i salen.

Les meir: Det Norske Teatret spelar for 50 publikummarar

– Det Norske Teatret vil at fleire skal få oppleve teater. Vi er veldig stolte over samarbeidet med Kavlifondet og vårt felles billettfond for ideelle, frivillige og humanitære organisasjonar. Saman gir vi mange som til vanleg ikkje oppsøker teateret, mogelegheit til å oppleve eit bredt spekter av teaterframsyningar av ypparleg kvalitet, sier Ervik.

– Kavlifondet vil i likskap med Det Norske Teatret bidra til at fleire får oppleve kultur, seier dagleg leiar for Kavlifondet, Inger Elise Iversen.

Les meir: Gratis teateropplevelser med Det Norske Teatret og Kavlifondet

– Å kunne delta i kulturlivet fremjar inkludering og tilhøyrsle til samfunnet. Det er og positivt for vår velvære og mental helse. Vi set stor pris på samarbeidet med Det Norske Teatret, og håpar mange lag og organisasjoner vil nytte seg av denne mogelegheita til ein fin aktivitet i romjula eller neste år, seier Iversen.

GJERTINE OG OLE: Sara Fellman som Gjertine og Bjørnar Lisether Teigen som Ole Salmakar. Alle foto er tatt i prøvetida. Foto: Dag Jenssen
GUDSPARTIKKELEN: Med Gudspartikkelen er Svein Tindberg og Kjetil Bang-Hansen tilbake med nok ei framsyning med undring over temaet å tru på noko større. Foto: Magnus Skrede