NorSahel, Mali

NorSahel, Mali

Helping Babies Breathe (HBB) er eit opplæringsprogram spesielt tilpassa fattige land med knappe helseressursar.

Organisasjonen NorSahel har inngått eit samarbeid med Kavlifondet om å innføre HBB-metoden i Mali. Mali er eit av dei landa i verda der flest barn døyr etter fødsel. Den norske organisasjonen NorSahel har som mål å betre helse og utdanning i Mali. No har organisasjonen inngått eit samarbeid med Kavlifondet om å innføre HBB-metoden i Mali. Målet er å gi 550 personar opplæring, og at dette på sikt vil føre til at det endelege målet blir oppfylt: At det ved kvar fødsel i landet finst ein person med kunnskap om HBB og som har det naudsynte utstyret for gjenoppliving.

Mer om dette prosjektet

  • Hjelp til å puste

    27. juli 2015

    Ved hjelp av ein metode utvikla med norske bidrag, skal talet på spedbarnsdødsfall gå ned i Mali.

    Klikk for å lese mer