25. juni 2017

4,9 millionar til ME-forsking

Kavlifondet forlenger samarbeidet om biomedisinsk forsking på ME med legane Øystein Fluge og Olav Mella.

Tekst og foto: Haukeland Universitetssjukehus/Kavlifondet

Sidan 2011 har Kavlifondet støtta den biomedisinske ME-forskinga på Haukeland Universitetssjukehus. Nyleg kom gladmeldinga om at Kavlifondet forlenger samarbeidet med Olav Mella og Øystein Fluge sitt forskingsteam ved kreftavdelinga også for 2017/2018.

– Ingen anna sak Kavlifondet støttar har vakt meir merksemd enn ME/CFS-forskinga der vi bidrar med ein betydeleg sum. Sjukdommen er eit mysterium, og svært mange menneske lir under sjølve sjukdommen, men òg av stigmatisering og ukunne. Vi håper at Kavlifondets bidrag kan føre til svar på kva ME er, seier dagleg leiar i Kavlifondet, Inger Elise Iversen.

Spanande haust

Gruppa går ein spanande haust i møte med avslutning av to kliniske behandlingsstudiar med utprøving av dei immunmodulerande stoffa rituximab og cyklofosfamid.

– Resultata frå dei kliniske studiane vil gi oss ny kunnskap om ME-sjukdommen, og med støtta frå Kavlifondet kan vi styrke både det kliniske arbeidet og laboratoriearbeidet i ein avgjerande fase av forskinga, seier professor Olav Mella.

Unik forskingsbiobank

Kreftavdelinga ved Haukeland Universitetssjukehus har forska på immunmodulerande behandling ved ME/CFS sidan 2008, og har i samband med ei rekke behandlingsstudiar opparbeidd ein unik forskingsbiobank med prøver frå ME-pasientar og friske kontrollpersonar.

Biobanken vert nytta til laboratorieforsøk for å auke kunnskapen om årsaksmekanismane bak ME-sjukdomen. Funn frå desse forsøka, publisert i 2016, peikar på endra energimetabolisme i ME-pasientane samanlikna med friske (https://kavlifondet.no/2016/12/ny-studie-om-sykdomsmekanismer-ved-me-fra-forskningsgruppen-i-bergen/).

– Med hjelp av desse midlane kan vi bygge ut biobanken og føre vidare basalforskinga på sjukdomsmekanismar, i samspel med Karl Johan Tronstad si forskingsgruppe ved Universitetet i Bergen, seier Olav Mella.

Samarbeid med Oslo

I prosjektet inngår også eit samarbeid med Oslo Universitetssjukehus, der ein tverrfagleg gruppe leidd av Ola D. Saugstad, Benedicte Lie, Marte Viken og Torstein Egeland forskar på genetikk i autoimmune sjukdomar. I dette delprosjektet er fokus på HLA-karakterisering og screening etter antistoff hos pasientar med ME/CFS.

– Gjennom ulike immunologiske og immungenetiske studiar undersøker vi betydninga av immunsystemet for ME-sjukdommen. Vi bruker ny avansert teknologi og vår omfattande erfaring frå slike analysar ved kjente autoimmune sjukdomar, fortel professor Benedicte Lie.